Sigrid Agnethe Hansen - Erasmus-student i Frankrike - student i Paris
I Paris kan ein gjere akkurat som ein vil. Det seier Sigrid Agnethe Hansen, som er på Erasmusutveksling frå litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo, til Sorbonne-universitetet i Paris.
– Det er ein fantastisk by å vere i. At Paris er så stor, gjer også at det er vanskeleg å få eit personleg forhold til byen, og eg kan til tider føle meg litt aleine. Men dei fleste venene mine er Erasmus-studentar og heldigvis interesserte i å møte nye folk. Eg har inntrykk av at franskmenn ikkje vil bruke tid på å bli kjend med meg når dei høyrer at eg ikkje er fransk.
Småforelska
– Er det å bu i Paris slik du tenkte det skulle vera?
– Både òg. Her svært mange turistar heile tida, seier Sigrid Agnethe, som bur i Latinarkvarteret midt i Paris.
– Men her er jo utruleg fint, og eg vert litt småforelska kvar gong eg går ut døra. Mykje er slik ein trur Paris skal vera. Eg går langs Seinen og trekk inn byen. Og så elskar eg området Montmartre, å snike seg rundt i dei små gatene der, å stå ved den vakre Sacre Coeur-kyrkja og få utsikt over heile byen.
Den franske fritida går med til å vere med vener og gå på kafé, i tillegg til å undersøke ein av dei vakraste hovudstadane i Europa.
– Eg går ofte rundt og ”kjenner” på byen, smiler litteraturstudenten.
– Ein av favorittplassane mine er Le Marais, den jødiske bydelen. Der finst den beste falafelen i byen, spennande second-hand-butikkar og fine gater. Det er fascinerande korleis ulike bydelar er prega av folkegrupper. Eit anna fint område er Belleville, Paris sin Chinatown. Her ligg blant anna Parc Buttes-Chaumont, ein park verdig ei eventyrbok. Paris er stemningane sin by, synst Sigrid Agnethe, som lenge hadde planlagd at ho ville bu i Paris ein periode av studia sine.
– Eg bestemte meg for å studere ved Sorbonne allereie før eg starta på litteraturstudiet i Oslo, og la opp løpet etter det. Eg hadde vore nokre gongar i Paris og likte byen veldig godt, så eg ville gjerne prøve å vere her litt lenger.
Ingen skippertak
Sjølv om søknadsprosessen via Universitetet i Oslo gjekk greitt, var det mykje Sigrid Agnethe ikkje hadde på plass før ho landa på fransk jord.
– Det var lettare då eg først kom til Paris, både det å velje fag og å finne ein stad å bu.
Alle førelesningane er på fransk, men med fransk som fag både på vidaregåande og litt frå universitetet går det fint, synst litteraturstudenten.
– Det tek mykje tid å prøve å forstå, og samtidig omarbeide det du høyrer og les. Heldigvis merkar eg at det blir lettare etter kvart.
Sjølve undervisninga er annleis enn ho er van med.
– Eg hadde vel sett for meg at her skulle vere større valfridom og meir moderne litteratur. Eg går på førelesningar om reiselitteratur, melankoli, vald i teater og litteratur om første verdskrig. Det er ingen stor eksamen til slutt for Erasmusstudentane, men små prøvar og innleveringar undervegs i semesteret og difor ikkje mulig å ta skippertak, slik ein gjerne gjer heime. Fordelen er at eg føler eg gjer noko heile tida.
– Vil du anbefale andre å reise på Erasmus-utveksling?
– Absolutt! Dersom ein berre har tenkt tanken, så gjer det. Å tenke det betyr at ein har det i seg. Eg trur ein lærer mykje om seg sjølv og om korleis ein tek imot andre kulturar når ein ikkje berre ser landet frå sidelinja, slik det gjerne er om ein er på ferie. Det tok ikkje mange dagane å forstå at no er eg ikkje turist, no bur eg faktisk i Paris!



