Ida-Katrine Eidissen - Erasmus-student på praksisopphold i Irland - student i Dublin
Innimellom meditering på klipper og besøk til Bono sin vakre villa, jobbar Ida-Katrine Eidissen med å betra europeiske vassressursar.
Ida-Katrine Eidissen studerer eksportmarknadsføring ved Høgskolen i Bodø og har våren 2010 Erasmus praksisopphald i kunnskapsbedrifta AquaTT i Dublin, Irland.
Ekstremt høflege
Ein spesiell grunn til at du ville til Dublin?
– Eg likar keltisk musikk og synst at Dublin høyrdest ut som ein spennande liten storby. Det hadde eg heldigvis rett i. Dessutan ville eg til Europa, slik at eg kunne få Erasmusstipend.
Kva er Irland sine beste sider?
– Det er veldig vårleg her. Graset er verkeleg grønt året rundt, men ein blir fort klar over at det er vinter når det regnar. Folk er også ekstremt høflege. Men ein skal ikkje vere naiv. Dublin har svært høg kriminalitet i forhold til innbyggartalet.
Har du nokre favorittstader i byen?
– I sentrum likar eg blant anna Temple Bar-området. Her er alltid kule artistar som opptrer i gatene. Men dei aller finaste stadene er rett utanfor byen, for eksempel kystbyane Dun Laoghaire og Howth. Her er det stille som heime på Melbu, fritt for trikkelydar og utrykkingskøyretøy.
Får skryt
Kvar har du praksisopphald?
– Eg er i praksis i AquaTT, som driv med bærekraftig utvikling av europeiske vassressursar. Dei er ofte ein viktig partnar i prosjekt innan forsking og utdanning som er finansierte av EU. Eg jobbar mest med nettsider og med å oppretthalde kontaktdatabasar.
Merkar du nokre forskjellar frå norsk arbeidsliv?
– Det er heilt klart kulturelle forskjellar. Forholdet mellom kollegaer og sjef er veldig profesjonelt. Og arbeidsrutinane er annleis, ein startar seint og er på jobb til rundt seks.
Korleis er det å bruke engelsk som arbeidsspråk?
– I starten var det merkeleg. Eg måtte seie setninga inni meg først, i tilfelle eg hadde feil uttale. Men dette gjekk fort over. No får eg skryt av sjefen min for god uttale. Det hjelper på sjølvkjensla.
Kva gjer du på fritida?
– Eg har prøvd å bli kjend med småstadane utanfor byen, blant anna forstaden Killiney, der Bono har hus. Og så har me blant anna vore på helgetur til Galway og Cliffs of Moher. Å sjå på klipper som peikar rett ut mot Atlanterhavet mens sjøen piskar oppover fjellveggene, var rein meditasjon.
Hva er det beste med Dublin?
– Utelivet. Det er pubar og barar overalt, sjølv i dei minste forstadene til byen. Her kan ein sjå rugby samtidig som ein tar seg ein pint Guinness eller ein Irish Coffee.
Og det verste?
– Vinterregnet. Dei har dessutan ikkje skjønt det med ost. Her er det bare cheddar, cheddar og atter cheddar.



