Vil du studere i Latvia?
Mellom Litauen og Estland ligg Latvia på austsida av Austersjøen. Landet har opplevd store endringar dei siste tiåra – frå å vera ein del av det sovjetiske samveldet til å bli ein heilt eigen stat i 1991, etter om lag femti år med okkupasjon. Landet vert stadig meir vestvendt, og i 2004 vart landet medlem av både EU og NATO. Heile Baltikum er likevel stadig ei spennande blanding av tidlegare og ny historie, og Latvia er eit interessant studieland for deg som søker noko litt annleis.
Hovudstaden Riga er av UNESCO rekna som den best bevarte Jugendstil-byen i verda, og er på deira verdsarv-liste. Mindre kjend er det nok at Latvia har lange sandstrender, store skogområde og tusenvis av elver og innsjøar. Kanskje er innsjøane grunnen til at ishockey er den mest populære sporten? Landet har også sterke musikktradisjonar, og under den sovjetiske okkupasjonen vart både rock og folkemusikk svært populært, sidan dette var ein måte å opponere på.
Finansiering av studiet
Det finnes ulike finansieringsordninger for studieopphold i Latvia.
|
|
Erasmus-studenter får: reise på utveksling fra 3 – 12 måneder med vanlig støtte fra Lånekassen, reisestipend, stipend til forberedende språkkurs, godkjent studiepoengene fra utvekslingen Krav: Fullført 1 års studium |



