Ragnhild Vea - Erasmus-student i Latvia - student i Riga
Ragnhild Vea skulle eigentleg til sol og sommar i Australia. I staden hamna ho på Latvia sine lange sandstrender.
– Eg beit på reklame frå studierettleiaren. Først hadde eg tenkt å dra til Australia, men samstundes ville eg ikkje hamna i eit norsk studiemiljø, forklarer Ragnhild, som var i Riga hausten 2007. No er ho nesten ferdig med bachelorgrad i organisasjonsvitskap ved Høgskolen i Lillehammer.
Lærte latvisk
– Aller først var eg fire veker på språkkurs. Det var veldig krevjande, men bra lagt opp. Eg hadde nok ikkje trivst så godt utan denne starten, trur Ragnhild. Ho lærte nok til å føra enkle samtalar på latvisk, men på universitetet var undervisninga på engelsk.
– Studiesystemet i Latvia er svært annleis enn heime. Eg måtte sjølv velja fag og sørgja for å få med meg nok poeng i løpet av semesteret. Eg fekk heldigvis også tid til å reisa litt, og var mellom anna i Estland, Helsinki og St. Petersburg.
Mange klisjear
Lillehammerstudenten måtte endra både sine eigne og andre sine oppfatningar i møte med den baltiske hovudstaden, særleg som ein av svært få skandinavar på universitetet.
– Latviarane har mange klisjear om oss frå Norden og trur gjerne at alle er utruleg rike. Sjølv forsto Ragnhild fort at Latvia ikkje likna på det inntrykket ho hadde av tidlegare austblokkland.
– Riga er alldeles ikkje mørk, trist og fattig. Byen er utruleg fin, og i tillegg er det lange sandstrender ikkje langt vekke. Det hadde eg aldri trudd at ein fann i Latvia, seier Ragnhild, som fekk større personleg utbytte av Riga-opphaldet enn ho kanskje hadde forventa: No ventar ein tysk student på at ei norsk studine finn seg jobb i Tyskland.



