Tove Ragna Reksten - Erasmus-student på praksisopphold i Tyskland - student i Berlin
– Tyskland har utruleg mykje å by på. Eg var fleire gonger i Berlin, som er heilt fantastisk. I tillegg har dei spennande historiske byar, karneval, julemarknader og sjølvsagt oktoberfest, der ein drikk øl i store telt og et tyske pølser.
– Forskingsopphaldet var som ein lang ferie, sjølv om eg arbeida hardare enn nokon gong før, seier Tove Ragna Reksten, som våren 2008 hadde eit Erasmus-praksisopphald i Nord-Tyskland.
– Eg var på eit forskingsinstitutt i Braunschweig, ein drøy time med tog frå Berlin, seier farmasistudenten, som skriv masteroppgåve om protein i HIV-viruset. Halvåret i Tyskland nytta Tove Ragna til å driva forskingsarbeid til oppgåva.
– Dette er noko eg måtte ha gjort uansett, så eg mista verken tid eller studiepoeng på opphaldet. Miljøet på det tyske instituttet var utruleg stimulerande fagleg sett. Eg var ein del av ei arbeidsgruppe på 15 personar, og fekk fantastisk oppfølging
dagleg - ein viktig grunn til at det faglege utbytet vart så godt, trur studenten.
– I tillegg til at utstyret var både betre og nyare enn her i Noreg, var eg omringa av doktorgradsstudentar og andre som eg kunne spørja dersom eg lurde på noko.
Lakris og sild
Erasmus-studenten gjorde sitt for å gjera inntrykk på tyske forskarar, mellom anna ved å servera fiskesuppe før heimreise.
– Pappa hadde med torsk, reker og silderogn frå Noreg, som me serverte på flatbrød. Eg prøvde også å læra tyskarane å lika salt lakris, men det er tydelegvis ein skandinavisk spesialitet.
Alle spurte nemleg kvar dei kunne spytta det ut, smiler Tove Ragna Reksten.



