Lønnebladet er truleg det mest kjende symbolet for Canada, eit land som breier seg frå Atlanterhavet i aust til Stillehavet i vest. Saman med Noreg toppar Canada ofte FNs ranking over land med høgast livskvalitet, og landet har ord på seg som eit ope og multikulturelt samfunn, med både engelsk og fransk som offisielle språk.
Og dreg du til Canada for å studere får du garantert oppleve meir enn bare lønnesirup og fantastiske skogar: Landet er rikt både på energi og teknologisk utvikling, har lågare skulepengar enn mange andre land og ikkje minst har kanadiarane svært høge standardar innan høgare utdanning. Meir informasjon om å studere i Canada finn du på www.studycanada.ca.
I utgangspunktet er det to måtar å studere i Canada på: Enten som ein del av ei norsk universitets- eller høgskulegrad, der du tar eitt eller to semester av utdanninga som utvekslingsstudent. I dette tilfellet bør du ta kontakt med internasjonalt kontor ved lærestaden din.
Det andre alternativet er å ta ei heil grad i Canada. I dette tilfellet står du sjølv for all kontakt med universitetet du ønskjer å studere ved. Det kan vere lurt å undersøke på førehand om utdanninga du ønskjer å ta/universitetet du vurderer å studere ved er godkjend. Dette kan du blant anna gjere ved eit søk i .NOKUT sin database over godkjende studium/studiestader
Det er uansett NOKUT som godkjenner den utdanninga du har tatt i utlandet slik at den likestilles med norsk høgskulekandidat, bachelorgrad, mastergrad eller ph.d. Framgangsmåten for å få godkjend utdanninga finn du her.
ANSA sitt informasjonskontor kan og hjelpe deg med tips, råd og informasjon om studium i Canada. ANSA har kontaktpersonar i svært mange land over heile verda. Dei står klare til å svare på spørsmål frå deg. Oversikta over kontaktpersonane finn du her.
Finansiering av studiet
Tar du utdanninga som ein del av di norske universitets- eller høgskulegrad vil du ha same rettar i Lånekassen som du har dersom du tar semesteret her heime.
Dersom du planlegg å ta heile utdanninga i utlandet kan det være lurt å sjekke med Lånekassen om ei førhandsvurdering av studiet. Du kan også sjekke kva for nokre studium/studiestader Lånekassen har gitt stønad til tidligare.